Hvem på hvit hest av Vigdis Hjorth
Luna er i ein alder då forholdet til gutar blir stadig viktigare og forholdet til foreldra stadig vanskelegare. Mora masar, formaner og sett grenser for alt. Faren lukkar auga. Med frykt og lengsel ser Luna utålmodig fram til den store augneblinken då uskylda skal takast frå henne, nesten uansett av kven. Ho er trøytt av å vere den utan røynsle medan venninnene et p-piller og har opplevd DET. Men det blir ikkje heilt som Luna har sett det føre seg når Finn Lykke leier henne inn på soverommet på ein fest. Opplevinga får henne likevel til å skjønne at målet ikkje er å bli redda og forløyst, men at ho må redde og forløyse seg sjølv.